A Common Nordic Vision

image

Vaksne leikar i smug

Å bli dronning er enkelt. Sy eit kostyme, meld deg på eit rollespel, hev gummisverdet og vips! så er du monark.
Foto: Alexander Vollevik Larsen/NRK

I levande rollespel kan du vere dronning, FBI-sjef, troll og hulder. Men ikkje så sjefen ser det.
Gøril Grov Sørdal
goril.grov.sordal@nrk.no

Publisert 19.09.2011 07:33.

– Eg har fleire vener som leikar i smug.

Anita Myhre Andersen (40) er hekta på levande rollespel. Sidan trebarnsmora oppdaga rollespel i 1995 har ho blant anne vore:

Orkekrigar, soldat, fiskarkone, sjaman, politisk rådgjevar, tiggar, sekretær, adeleg, prestinne, ånd, hulder, troll, urtekyndig, alv og FBI-sjef.

Ikkje flau: Denne karen er mørkalv kvar fjerde laurdag.
Foto: Alexander Vollevik Larsen/NRK
Fryktar for karrieren

Sjølv viser Anita gjerne fram hobbyen sin. Ho anbefalar den til og med.

Men fleire av venene hennar held hobbyen skjult for sjefar og kolleger. Dei er engstelege. Ein akademikar som spring rundt i skogen med alveøyrer og gummisverd risikerer sitt gode namn og rykte.

– Eg skulle ynskje vaksne fekk lov til å leike, seier Anita.

– Ein 4-5 dagar lang laiv i skogen er eit fantastisk avbrekk frå kvardagen. Ein får puste heilt ut, gløyme jobb og rekningar, ein kan liksom-drepe skurkane, danse og lage mat på bålet. Leiking er mentalt sunt.

Men klarar alle vaksne å hente fram att leiken? Sjølv dei med stiv snipp og lang CV? Anita veit svaret, for ho har sett det sjølv:

– Det skjer noko med næringslivsfolk når dei får leikevåpen i hendene. Dei blir som gutungar att.
Levande rollespel

Levande rollespel blei skapt tidleg på 80-talet av vaksne som sjølve ville dikte og spele ut eventyret.

Alt ein treng er eit kostyme, eit plott og nokre stikkord for kvar karakter.

I dag varer dei største arrangementa i mange dagar, med fleire hundre deltakarar.
Vil ikkje på TV

Då NRK-reporter Gøril Grov Sørdal sjølv ville prøve levande rollespel, fekk ho og Anita kvar si rolle i eit mordmysterium anno 1927. Men då Anita inviterte vener og kjende takka fleire nei. Dei ville ikkje leike på TV.

– Det er synd, for leiking er viktig både for born og for vaksne, seier Anita. Ho vil gjerne vise kva ho meiner, og inviterer NRK-teamet til Langeskogen.

Det viser seg at skogen utanfor Bergen er magisk. Her kan ein vanleg lærar bli ekte dronning, og herske over tussar og troll, alvar og hekser.

Likar du Ringenes Herre? Du kan sjølv vere alveprinsessa Arwen.
Foto: SF Norge

– I november, når det haglar ute og eg kler på meg dronningkostymet, så tenkjer eg at dette er galskap, seier Anita, som i fleire år har vore Dronning Ara kvar fjerde laurdag.

– Men når eg kjem ut i skogen, då er kulden gløymt!

Men kva er levande rollespel?

– Det er eit slags improvisert teater utan publikum. Ein kan lage spel i alle sjangrar og tidsperiodar, frå ei bok eller ein film, alt er mogleg. Så spelar ein nokre timer eller dagar, berre for å ha det gøy.

http://www.nrk.no/kultur-og-underholdning/1.7742083

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: